Hei, jeg lurer på hvilken tre type det er? Virker uvanlig..


Denne tre typen virker uvanlig i Norge, har aldri sett den før i norsk skog.







Replies

Min første tanke er barlind:
https://no.wikipedia.org/wiki/Barlind
Med den kombinasjonen av bork og nåler blir dette barlind. Men så er det spørsmål om det er barlind, japanbarlind eller hybriden.

Det er ei tilnærming:
Langt til skogs kan det vere tale om barlind. Nær busetting er det noko graps som anten er hybridbarlind eller kultivar av barlind.

Opphaveleg bestand av barlind er raudlista med god grunn. Alt det andre, også rømlingar av kultivarar av barlind er som pesten.

Eg for min del registrerer alt saman som Taxus sp. Dei som vil ha det meir nøyaktig kan jo oppsøke prikkane mine og undersøke nærare.

Nålene er litt snarlike valig edelgran. Edelgrannålene er litt kløfta, barlind går ut i spiss. Flassebork er typisk barlind, edelgrana har grå og tjukk bork, flassar slett ikkje. Viss du ser snitt i treverk, så har vanlig edelgran lys ved, barlind har brunraud kjerneved. Men det er best å ikkje sage i barlind om ein ikkje veit kor verdifulle dei er.

Dei siste dagane har eg borka meg nokre gjerdepålar av barlind. Eg hogg ein barlind for eit år sidan på kyrkjegarden, ein slik ein som var planta ein gong og måtte vekk, av grapsetype. Besto av 30 stammar. Dei skal vere haldbare til slik bruk har eg høyrt. Krokete var dei, men dei duger nok. Dei var knallharde å borre i, og isolatorane var dryge å få skrudd inn sjølv med borring først.