Når det som er igjen er bruskbevre


Etter kvart som eg fjerna ein del kandidatar frå lista, blei eg sitjande igjen med bruskbevre. Trudde den skulle vere meir rynka, men kva kan det vere viss det ikkje er den?

Eg blei ikkje noko klokare av det eg (ikkje) såg i mikroskopet.

Den spenstige geleklumpen blei funne på hassel, i edellauvskog på Nordmøre i veka som var. Lukta av terpentin. Var gjennomskinneleg, men langt frå gjennomsiktig.

Er det nokon som vil bidra noko til oppklaring?
Replies

Kan opalbevre være en kandidat?
Eg har notert at opalbevre har rosa skjær. Min går veldig tydeleg i brunt.

Så har eg notert opalbevre med vond lukt. Eg meiner eg har vore borti ei anna vond lukt i samband med opalbevre.

Sporemål ville vel ha avgjort greitt mellom desse to, men eg fann ikkje sporar. Eg fann noko eg trudde var sporar, runde 16-17 my og truleg med ornamentering eller i alle fall mønsterliknande. Viss det er sporar, så er vi heilt på feil veg. Viss det er noko anna enn sporar, så er eg uviss på kva det er.
Hm, for mine øyne har ikke opalbevre noe rosa skjær i felt, men bildene kan få et litt rosa skjær.
At opalbevre har noen spesiell lukt har jeg aldri merket.
Då legg eg bort denne.