I høve funn nr 740


Ved jubileum må ein jo slå litt på stortromma. Så eg har fått i stand litt forskjellig utanom det vanlege i høve dagen.

Etter 7 dagar i trekk med snøver, opp til 30 cm pr. dag, så har det framleis ikkje snøa 17. mai. Men vi får vel rekne det som kvit 17. mai likevel. Det som alt har kome var nok til skitur med start frå trappa. På med sekken, med flagg sjølvsagt. Opp etter bakkane. All snøen var kram, mykje greiare enn når det berre er den øvste centiemteren som er kram og resten tørr, som sist eg var på skitur. Gjekk ikkje særleg mykje nedi heller, mykje greiare enn den andre skituren i vinter, den før jul. Ein rar vinter i grunnen.

På toppen av åsen høyrte eg korpsmusikk frå bygda. Ja vi elsker, med Tingvoll musikkorps. Deretter var det tid for jubileum, funn nr 740 av gubbeskjegg kan registrerast. Gubben studerer gubbeskjegget, fotografert av gubben.

Men eg skjønar ikkje kva vi skal med tre kvart meter med snø no. Det trur eg ikkje trana gjer heller. I eit hol i snøen rundt Reittjønna låg trana på egg.
Neste utfordring for denne trana kan bli høg vasstand når alt dette kvite begynner å smelte. Det bør helst ikkje gå så veldig fort.
Replies

"Når skaran bærer en mann ved Jonsokleite, blir det sein vår!"
Gratulerer med funn 740!

Jeg kunne ikke dy meg for å sjekke Artskart, gubbeskjegg i TingvollthumbsUp
Når ein har prikkekartet med gubbeskjegg på plass, så er jo spørsmålet om dei områda som ikkje har gubbesskjeggprikk på kartet er utan gubbeskjegg, eller om det skuldast manglande kartlegging. Datanerder kan vel truleg lage eit kart som viser rutenett 500 x 500 m med t.d. over 100 funn totalt alle artar i ruta, og så samanlikna med gubbeskjeggkartet. Forvaltinga praktiserer fort vekk at ein prikk på kartet med ein tusenfryd eller kva som helst tyder at arealet er kartlagd. Viss det ikkje er nokon prikk på kartet, så er det ikkje noko som må takast omsyn til.

Det er framleis nokre turar som ikkje er gjort, for å seie det slik.
Problemet med slike prikkkart er at de viser forekomsten av observatører mer enn av arter.
All ære til dem som tar seg tid til å fylle ut kartet. Forvaltinga er vel mest opptatt av å fri seg fra ansvar og kostnader.
"Jeg ser ikke noe signal!" sa Admiral Nelson, han satte kikkerten for det blinde øyet.