Dei tre prosjekta skuldast at far min vaks opp på same stad og tid som Fjeldstad, og litt slump nokre tiår seinare. Det eine prosjektet var filming av orrfuglleik. I den tida var lyset mykje meir avgjerande enn no, og sette tekniske grenser. Sidan veret ikkje blei godt nok til filming av fugl, så blei det opptak av korleis ein gjer det når ein går på orrfuglleik i staden, den dagen. Det var den enkle delen, og så måtte det jo vere filming av fugl også. Den var ikkje eg med på.
Dei to andre prosjekta var om fossekall og firfisle. Eg såg då fossekall som svømmer under vatn for første og einaste gong. Kva Fjelstad fekk filma husker ikkje eg no.
Ta med nokre ungar i alder mellom 5 og 12 år og gå ein liten tur. Ta ein stopp i ei veggrøft, ein liten bekk, ved ein halvroten stubbe, ei kuruke eller kva det no er. Sjå litt nærare på ting. Prøv å finne ut av litt samanhengar. Viss lærar eller patruljeførar eller kva det no er kan litt meir enn dei som er med, så er det mogleg å sjå eit lite puslespel eller eit økosystem i det meste. Det går an å undre seg. Det går an å leite meir. Men det er nødvendig at læraren kan litt meir enn å få med like mange ungar tilbake som han gjekk ut med. Når ein først har opplevd dette nokre gongar, så må ein i grunne lære litt meir sjølv også, og gjere fleire slike turar. Så har ein det gåande. Så kan stjernene gjere kva dei vil for millionane sine.
Det var gjerne ikkje så mykje meir Fjelstad dreiv med heller. Det var ikkje skulegang som gjorde han interessant. Trur i grunnen skulegangen var i skogen for han sin del. Han hadde vore ute i marka og sett, undra seg og sett igjen. Det er dette Fjelstad har formidla gjennom Naturmagasinet og bøker. Ingen kan gjere dette på same måten som Fjelstad. Men mange kan
Aktive deltaker2955
Jeg vet ikke om det var meningen å fullføre den siste setningen, men det spiller ingen rolle. Poenget er krystallklart, og jeg er helt enig. Jeg satt fjetret hver gang han var på skjermen, og det var nettopp undringen som var den underliggende spenningen. Den fikk han frem. Og nå ser jeg at den litt ironiske tonen min over har en grunn. I dag er alt så high-tech, du får det så trykket ned i halsen, at du bare blir sittende som passiv konsument. Gap opp, så kommer teskjeen. Du kan bare slå av hjernen.
Men jo, det er unntak. Jeg likte f.eks. Fotobonden på NRK. Fiskeørnepisoden var fantastisk. Selv om jeg fikk en liten "å, nei"-følelse da han klatret opp en bergkløft og kom over en bergfrue, en av Norges mest fascinerende planter, og bare avfeide det med "den var rar. Den har jeg ikke sett før". Så var den glemt.
Aktive deltaker3537
Det var visst litt ufullendt det siste innlegget mitt. Men det var eigna til å få lesaren til å undre seg, og då blei det gjerne vel så bra.