hvilket bartre?


Denne ble planta på 80-tallet en gang. Nordland. Vokste veldig lite de første 25 årene men de siste årene har den lagt seg veldig ut både oppover og utover. I år er første gang jeg har lagt merke til blomster/kongler på den. Den har korte, blanke barnåler med lysere underside.


-- Posted via biolog --
Replies

  • 1
  • 2
  • >
  • >>
  • of 2 pages
Det første biletet kunne godt ha vist ein vestamerikansk hemlokk. Men bilete nr 2 og 4 viser nåler av ein edelgranart, trur eg nok. Bilete 3 forstår eg ikkje.

Truleg ein art som har ganske korte nåler. Vi ser to smale spalteopningsstriper, og nåla er noko spiss. Det ser ut til at nålene er spreidde rundt heile skotet, altså ikkje kamstilte. Skota ser ut til å ikkje ha særleg med hår, og nåla har fure.

Vanleg edelgran er det ikkje. Når eg går gjennom dei ulike artane, ramlar dei frå den eine etter den andre. Mogleg purpuredelgran (heiter vel stillehavsedelgran no) blir igjen. Den skal ha korte kvite hår på årsskotet, og nålene pleier å ha eit lite hakk i staden for ein spiss, så det er ikkje noko som stemmer heilt. Det er andre igjen også, men dei er knapt planta.

Viss vi skal kome lenger, så trengst det fleire opplysningar.
- lukt av knuste nåler
- om skot er håra, i tilfelle farge og om det er tett eller glese, står vinkelrett på eller ligg langsmed skotet.
- lengde på nålene
- bilete av nål, overside og underside
- borken på treet, mellom anna om det er blemmer med harpiks
- farge på borken når greina er tre år
Tusen takk for informativt svar thumbsUp

-Synes det er vanskelig å beskrive lukt. Litt mindre stramt enn vanlig gran, litt mer "krydderaktig" kanskje.
-Skuddene er hårete. Se vedlagt bilde.
-Nålene er 1,7 til 2 cm lange
-Kan ikke se blemmer med harpiks..
-Barken ser for meg ganske lik ut på heile greina.
Legger ved noen bilder jeg håper kan være til hjelp. (Kan det være sørlig japansk hemlokk?)



Det var eit par spørsmål som ordna seg, og noko som blei meir uklårt. Om eg greier denne med ein kvist i handa, veit eg ikkje, men eg klarer det ikkje utan.

Viss eg var heldig har du fått ein epost med ei adresse der du kan sende ein kvist.
Har dessverre ikke mottatt noen epost. Tror det er noe feil med systemene smile Kan du sende SMS på 97199304?
Då er adresse sendt.

Ein kvist med årsskot og fjorårsskot er sannsynlegvis tilstrekkeleg.
Har dessverre ikke mottatt noen epost. Tror det er noe feil med systemene smile Kan du sende SMS ?Opprinnelig postet av Bekknes

Har du sjekka om du har gitt løyve i profilen din til at andre medlemmer kan sende deg e-post?
Ja det er tillatt med mail. Men noe feil er det, får ikke varsler heller selv om det er huket av for abonner på emne. Alt dette har fungert tidligere.
Då kom det ein konvolutt i posten. Då var det klart at det i alle fall ikkje var edelgran. Nålefestet likna meir på gran, men det er inga gran med slike butte nåler. Så då ender vi opp i hemlokk.

Eg har notrert meg følgjande;
Eldre nåler:
Nål underside: Opphøgd, tynn, grøn midtstripe, og resten er matt, grågrøn av spalteopningar
Nål overside: Mørkare grøn med vid fure. Spalteopningar nær tuppen
Nålelengde er 15-17 mm. Nålebreidde 1,2 mm, ganske jambreie.

Nye nåler:
Lysare grøne enn dei eldre. tidleg liknar dei nøste som ceder.


Nålespiss: avrunda spiss
Nålefeste på pute. Puta verkar raudleg.
Årskvist er lys brungrå med mange lysbrune ustyrlege hår

Fjorårskvist er mørk brungrå
4 år gamal kvist har mørk og ganske grov bork.

Ser ein knopp, veldig liten
Nålene heile vegen rundt, men få på undersida, alle framoverbøygde, ganske rotete inntrykk. Mange nåler i skotspissen.

Konklusjonen blir fjellhemlokk, Tsuga mertensiana.
Det er 14 hemlokkartar, og eg har aktuelle data på 10 av dei, mellom anna to japanske. Alle dei andre har skiljande karakterar. Den som liknar mest er hybriden mellom fjellhemlokk og vestamerikansk hemlokk.

Eit bilete av treet der heile toppen er med vil vel komplettere det heile.
Tusen takk for super oppfølging av innlegget mitt! Så takknemlig for at det fnnnes så flinke folk som stiller opp.

Noen bilder av treet med topp. Kan nevne at stammen har delt seg i to for mange år siden slik at det er to topper, sees til venstre på det ene bildet. Treet er i underkant av 8 meter høyt.


Ein mjuk topp som bøyer seg litt passa veldig bra.

Kunnskapen om kvar i Noreg fjellhemlokk veks, sett kongler og eventuelt frøspreier seg på eiga hand er liten. Viss du ser modne kongler, eller nye spirer, så er det opplysningar som med fordel kan leggast inn på www.artsobservasjoner.no
 

  • 1
  • 2
  • >
  • >>
  • of 2 pages