Fint håra mellomstykke


Vengane har fargar som kan minne om klegg, mellomstykket er pent håra som ei kjøttfluge og tyggeapparatet ser ikkje ut som klegg. Eg leiter i ein altfor stor del av insektsverda til at eg finn ut av denne.

Sunndal i midten av juni, på kvitbladtistel.
Replies

Kva med bandflua Campiglossa loewiana eller noko i den dur?

Dag
Campiglossa liknar noko. Men arten er eg meir usikker på. Eg har merka av ein del av vengen der det er fire byggeklosser på min. Men biletmaterialet eg ser rundt om verkar å ha 5 eller 6 byggeklossar på den staden.
Ganske riktig observert! Og då passer dette godt med Tephritis conura.

Terje
Då har eg gått gjennom bilete av dei 11 artane som ligg inne på artsobservasjoner av denne slekta. Av desse var det berre T. conura som hadde vengeflekkar som stemte. På artskart for Møre og Romsdal finn eg berre nokre av dei same artane og ingen andre. Då har nok denne nettsida ført til eit resultat nok ein gong.