Ein grøn og ein brun


Massevis av skiføre - oppå skia, så no blei det tur i fjæra.

På noko tau i sjøen fann eg ein liten dott.
1. 2.
3. 4. 5.

Nr. 1 er liten og dott og grøn. Etter ein gjennomgang av dei grøne hos Rueness, sitt eg igjen med liten grønndott som mest sannsynleg. Bilete nr 2 har ei sjelden greining. På bilete 3 og 4 er det meir detaljar, i tillegg til at det er ein brun ein også. Eg har notert at celle har breidde 17-22 my, lengde 45-85 my.

Nr. 5 kan jo vere tanglo. Eg har notert: Celler rektangulære med avrunda hjørne, breidde 33 my, lengde på cella er 30 my. Kan sjå ut som to og to celler høyrer saman. På 400x ser kvar av cellene ut til å ha ein strek midt på, men det er små lekamar som blir delt av denne streken, så det kan ikkje vere cellevegg. Det er detaljar av denne på bilete nr 3 og 4 også.

I tillegg er det nok eit vrak av ein liten raud ein også på bilete nr. 5. Men den var så medtatt at eg trur han får bli i det ukjente.

Er det nokon som er sikker på kva dette er?

Tauet låg i ein fjord på Nordmøre, noko straum, men ikkje veldig eksponert.