Liten begersopp


Denne vesle soppen måler maks 0,5 cm. I tverrmål. Den stod blandt mose i vierkratt nede ved stranda av Frøylandsvatnet i Klepp kommune idag. Eg var til å begynne med i tvil om det var ein sopp eller eit anna dødt/inntørka plantehylster. Etter å ha studert den har den tydeleg fot og er begerforma. Diverre strevar eg med å få tydelege bilete når motivet er så lite.
Eg har leita etter bilete i litteratur og på nettet og synes den kan likne arter i slektene Monilinia og Myriosclerotinia. Eg prøvde å få med om den var festa til eit substrat då eg skulle løysne den, men den var innvevd i mose og anna fint plantemateriale i jorda, så det lykkast ikkje å avsløre eventuelt substrat.
Går det an iut ifrå bileta å sei noko om slekt/art på denne?
Replies

Eg vart for ivrig med denne. Har nå fått studert denne meir nøyaktig i godt lys og med lupe og det ser meir ut som ein bærhams eller liknande. Så ingen begersopp dette.
Ok.smile