Myr og våtmark.


Forvaltning av myrareala og våtmarkene våre er eit tilbakevendande tema. Eg blir frustrert når eg ser kor lett det framleis er å byggje ned slike area, trass i åtvaringar frå mange av våre fremste fagfolk. Betydninga desse areala har for karbonbinding og klima, samt for det biologiske mangfaldet m.m., er ein kjent sak for dei fleste. Det er derfor ei gåte at myr og vårmarkområde ikkje blir tatt meir omsyn til i samfunnsplanlegginga. No trur eg ikkje denne attgroingstjerna som er vist her er trua i nærmaste framtid, men dessverre er andre myrområde trua av nedbygging her i kommunen. Denne myra og tjernet ligg i Austevoll kommune i Vestland fylke. I vår nabokommune i aust, Tysnes, vil større myrområde bli lagt under steinfyllingar og asfalt dersom Hordfastsambandet blir ein realitet med firefelts motorveg over øya Reksteren.

Eg prøver å formidle kor vakker og storslagen natur me har i våre nærmiljø, med å formidle smakebitar av vår natur i sosiale media m.m., med håp om at kanskje nokre fleire får augo opp for vår felles naturarv. Viss ikkje me klara å vise meir respekt for naturen enn det som er realiteten i dag, fryktar eg for kva tilstand me etterlet naturen til våre etterkomarar. Her nokre bilde av eit vakkert tjern eg såg på nært hald for første gang i dag.
Replies

Vern av myr har sittet langt inne, men tidene er langsomt i endring.
I dag 3. 6. 2021 var vern av myr et emne i radio; NRK P2.

Det var blant annet snakk om at bruken av torvstrø skulle opphøre, i England har de alt satt en dato for avslutting.

Myrene gjør oss mange tjenester i det skjulte, det merkes ikke før de blir borte.