Er dette ein korsrev?


Eg jobbar som journalist i Hordaland Folkeblad og treng hjelp. Reven som er avbilda vart observert i Herand i Hardanger. Er dette ein korsrev? Kven kan eg spørja for å få eit sikkert svar?
På førehand takk!

(bilete: privat)

Mvh Ragnhild Børven

Replies

@Ragnhild Ø. Børven
Det finst to artar av rev i Norge raudrev Vulpes vulpes og fjellrev Vulpes lagopus
Den avbilda høyrer utan tvil til arten raudrev. Raudrev har fleire arvelege fargevariantar og overgangsformer mellom desse.
https://snl.no/rødrev (følg også lenkjene til til dei ulike fargevariantane).
Sidan dei ulike variantane kryssar seg heilt fritt med kvarandre kan det vere individ med utsjånad som kan vere vanskeleg å plassere. Eg meiner det vil vere greitt å kalle dyret på bildet ein mørk korsrev.

Red. På hardingamål heiter det vel helst krossrev.