Lys brannstubbelav?


Eg har vore borti tyriskjell og melskjell nokre gongar. Den eg har funne i sommar trur eg må vere noko anna. Skjela har reaksjon C -, og då er vel melskjell ute. Skjela verkar elles å vere mindre enn for dei to nemnte. Eg merker meg at skjela har ein lysare kant og ein del av skjela verkar mørkare mot basis.

Eg fann denne laven på ein brent furugadd, Orkland. Eg trur det kan vere lys brannstubbelav, men det ser jo ut til at det er andre artar som kan likne noko. Er det nokon som kan seie meir om denne?