Liten rovfugl på jakt etter småfugler.


Hei! Eg lurer på kva fugl dette er? Eg låg bak eit berg å tok bilde og filma fuglane på foringsautomaten vår. Brått blei det lurveleven då den avbilda fuglen prøvde å jakte rundt foringsautomaten. Ut frå ein litt "shaky" videofrekvens, har eg tatt ut nokre bilde, med det innsende som det beste. Er det nokon som kan seia kva fugl det er, sjølv om bilde er teken på avstand og dei blir nokså grovkorna når me forstørrar motivet? Den er ikkje så stor til rovfugl å vera. Viss eg skal samanlika med nokre kjente fuglar, så vil eg tru kroppen er mindre enn ei kråke men litt større enn sjølve kroppen på skjære. Kan det vera ein dvergfalk, eller er det ein annan liten rovugl? Ps Austevoll kommune på kysten av Vestland fylke.
Replies

Takk for svar!