Askeragg?



Får ikkje denne til å passe med anna enn askeragg, sjølv om apothecia ser ut til å vere mest mot endane av tallus. Kan det stemme? Laven veks på eit prydtre(såg ikkje nærare på det) i ein allé i Fjaler i Sunnfjord.
Replies

Syns det er vanskelig å si noe sikkert om denne laven som vel er litt lite utviklet.
Kanskje Anders eller Arnor har innspill?
@HåLauk
For meg kan det sjå ut som laven bildet kan vere prega av tørke og derfor kanskje ikkje framstår heilt typisk. Plasseringa av fruktlekamane dreg tankane mine i retning av skålragg, men har ingen erfaring verken med denne eller askeragg. Legg ved illustrasjon av skålragg henta frå UiO sin lavflora på nett.
Takk for kommentarar. Eg har vore innom skålragg, men den skulle vere noko mindre og meir ut-/oppståande, medan denne var nokso lang og tydeleg hengande, so ingen av dei passa heilt. Får sjå om eg får sett på lokaliteten seinare i sommar og kan finne meir ut av det og ta betre bilete.