Tussehatt?


Eg kom over denne eine soppen igår, den 8. juni-22. Det er eit berglendt område med meir eller mindre jord. Mest lauvtre, men og bartre.
Hatt med tydelege randstriper, kvite skiver, stilken er fnugget øverst. Som tørr har hattfargen blitt meir brun.
Denne er ukjent for meg- det nærmaste eg kjem er tussehatt eller noko som kan likne.
Er det nokon som har forslag på denne?
Replies

Har du vurdert bjørkebrunhatt - Naucoria bohemica? Skal ha brunt sporepulver.
Den liknar svært mykje på bjørkebrunhatt. Også den er ny for meg. Eg fekk ikkje tatt sporepulver prøve, men har sett på sporar frå skiver i mikroskop og både form, storleik og utsjåande passar med bjørkbrunhatt. Så då går eg for den. Takk for svar.thumbsUp
Ja, det skal vel ikke være mulig å forveksle sporene hos de to foreslåtte artene.
Bjørkebrunhatt er vel dessuten langt mer vanlig enn tussehatt.