Framandart?


På oppdrag i sommar kom eg over denne. Ein stor busk/tre i ein gammal attgrodd hage. Svært nysgjerrig på om nokon kan bestemme den, for det greier ikkje eg. Ungarsk syrin?






Replies

Ser ut som syrin, og det er ikkje Syringa vulgaris, heller ikkje nikkesyrin eller kinasyrin. Dermed er ungarsk syrin igjen. Den har heilranda, glatte blad og blomane slik som på biletet ditt.

Ungarsk syrin spreier seg både med frø og ved rotskot. Det er mogleg han ikkje spreier seg fort, men eg har sett spreiing som det i alle fall er ein god del arbeid med å få ordna opp i.