Smaragdgrøftemose (Dicranella heteromalla)?


Hei! Etter å ha brukt nøklar og lest i litteraturen, så liknar denne mosen veldig smaragdgrøftemose (dicranella heteromalla). Eg har også studert blad under mikroskopet. Det einaste som gjer meg litt i tvil er at smaragdgrøftemose blir skildra som akrokarp i eit oppslagsverk eg nyttar, men på denne har kapselstilken sitt utspring langt nede på skotet, faktisk nesten heilt nede mot jorda, som eg har prøvd å få fram på eit av dei vedlagte bilde. Då skulle den vel vera pleurokarp? Det kan hende den spring ut frå toppen av eit lite sideskot. Mosen er liten, så det er vanskeleg å sjå alle små detaljer. Voksestaden skulle vera typisk, med humusrik og relativ sur jord i eit kystklima. Den veks på bar jord som er kome fram etter det er lagt ein jordkabel gjennom ein skog her. Funnstad: Austevoll kommune i Vestland fylke.
Replies

Ja, dette er Dicranella heteromalla. Sporofyttene kommer nok fra fjorårsskuddene.
Tusen takk for svar!


-- Posted via biolog --