ospemose, kystflette eller noko anna?


Oppå steinblokk i ei hustuft på Nordmøre fann eg fangsten for i dag.

Basehjørnecellene liknar mest på ospemose, men arten verkar ikkje å vere til stades på ytre Vestlandet.
Substratet er også litt utanom løypa.

Eg har sjekka mot kystflette. Der tykkjer eg basehjørnecellene ikkje passer så godt.

Kanskje det ikkje er nokon av desse to?



Det eg har notert meg:
Kort, dobbel nerve. Bladet går ut i ein lang spiss. Ikkje tenner, men litt anna rusk. Basehjørneceller kvadratiske. Celle i midten 60 x 7 my, heilt glatt. Sjekka mot kystflette, Hypnum resupinatum. Liknar mykje, men tykkjer ikkje basehjørnecellene stemmer heilt, og min har elles dei spesielle cellene først og fremst i ein cellerad heilt i bladkanten.
Ospemose er lite registrert langs vestlandskysten. Steinblokk som substrat er heller ikkje typisk.
Replies

Jeg tror denne har lang nerve (som en vel også kan se på bildet av en bladspiss) og at det er Brachythecium albicans.
Då har eg sett fleire blad i mikroskopet. Eg fann fleire blad med nerve litt opp for midten av bladet. Og fleire blad der eg tykte det var ein del kortare nerve, eller i alle fall at nerva ikkje var så tydeleg når ho nærma seg bladmidt. Det er nok mykje mogleg Brachythecium albicans.