Hengelav


Hei

Artsoraklet sier gubbeskjegg. Er det mulig å si om det stemmer ut fra bildene? Uvdal (Buskerud), 950 moh. i granskog.


Replies

På det øvste biletet ser eg ein strylav. Du kan sjå masse smågreinar som står 90 grader på hovudgreinane. Altså ikkje gubbeskjegg.

Det nedste biletet liknar veldig på gubbeskjegg.

Når du er ute i skogen kan du skilje stry frå gubbeskjegg ved å dra litt i ei grein. Stry ryker i to etappar, først strømpa ytst, og så den kvite strengen inni. Gubbeskjegg ryk berre tvert av. Du merker det best når laven er litt fuktig. Viss farga ikkje er gulaktig, så kan slekta Bryoria også vere aktuell. Den ryker på same måten som gubbeskjegg, så ver obs på den.
Mange takk for utfyllende svar!