Kattost?


Bogerud i Oslo øst 18.09.23

Denner er ca. 30 cm høg. Blomstrar seinsommar/haust, kronblad 15-20 mm i diamater. Bleikraude med betydeleg mørkare nerver. Er det to frøkapslar like til høgre for midten av bildet? Umodne i så fall?

Detalj av det som eg trur er frøplanter frå i sommar/haust. Trur dei må vera sådde i terrenget ved burettslag, i år. Potensielle morplanter finst ikkje i nærleiken (bortsett frå 2 eksemplar av planta vist på øvste bildet, dei er mange meter unna. Avstand frå blomsterbed ca.10 m. I det bedet vart moskuskattost fjerna i 2022, og frøplanter luka same år. Er særleg redd for moskuskattost i terrenget her. Bladkransen frå ytterkant, målt forbi stengelen, til motsett ytterkant, er (18.09.) ca. 4-6 cm.
Har kattostslekta pålerot? "Skyt" dei frøa utover?
Replies

Dette er nok ikke moskuskattost, den er kraftigere og bladene tydeligere oppdelt.

Kan blomstene til stankstorkenebb passe? Den likter isåfall ganske sterkt. Den kan fort dukke opp i bed og er en fin liten vill-blomst.


-- Posted via biolog --
Ja, dette er stankstorkenebb.
Ja, da er det stankstorknebb. Og frøkapslane på øvste bildet ser ut til å vera 'storknebb' :)
Tusen takk til båe for svar!

Mvh Øystein