Levermose – eller noko heilt anna?



Dette er noko av det raraste eg har sett i naturen. Fant denne i gjørma ved eit lite vatn på Finnmarksvidda. Eg har fått tips om at det kanskje kan vere ein levermose, men det liknar ikkje noko eg finn i Artsdatabanken, og Artsorakelet er heilt på jordet. Eller kanskje det er noko heilt anna?
Helsing Svein Lund, Guovdageaidnu
Replies

Spennende, tok du det med og kunne du isåfall lagt ut flere bilder?
Hvor høyt stikker de hvite strukturene opp? Kunne det vært en avkappet urt?

Kjenner det ikke igjen, minner om klomose og makkmose det rundt så får inntrykk av at det er et litt kalkrikt område.


-- Posted via biolog --

Takk for bestemming av mosane rundt. Nei, eg kan ikkje sjå at det kan vere noko avkappa urt. Kva urt har eit slikt mønster på stilken? Konsekvent sekskanta og med konsekvente mønster i grønt og gult?
Eg har dessverre ikkje tatt med noko, og heller ikkje prøvd å kjenne på strukturen. Eg tok bare dei to bilda av noko eg syntes var rart, og har byrja først etterpå å gruble når eg fann bilda igjen. Dei er tatt i 2010 og det er tvilsamt om ein kan finne igjen plassen og om det veks der no.
Eg legg ved dei to einaste bilda eg har tatt av fenomenet, eller kva ein no skal kalle det. Eg legg ved også to av bilda eg tok like før eg tok desse, som viser litt av veksemiljøet. Det er i myrområdet Guohcajeaggi i Guovdageaidnu, som er foreslått som naturreservat. Der veks ingen større urter på denne plassen i myra og eg kan ikkje førestille meg at det skulle vere eit kalkrikt område.
Du spør kor høgt dei stikk opp, eg kan tenke meg ca. 3 cm. Størrelsen ser ein elles ut frå graset som er rundt. Det er 10 slike sekskantar som står opp og eit par som knapt kjem opp av gjørma. I tillegg er det eit merkelig sekskantmønster på hola i gjørma, som om dette er ein del av noko større. For meg er det meir og meir uforståelig.

Den er god, viste den til et par andre flinke mosefolk i dag og var ingen svar å få der heller. Nedbrytningstadium av noe i planteriket er vel mest trolig iværtfall tror jeg.


-- Posted via biolog --
Eg er einig med Bernhard om at dette høgst truleg er avkappa stenglar av urteaktige plantar. Ja, eg er eigentleg temmeleg overbevist om dette. Det ser ut for meg som strukturane skrånar innover og nedover mot eit felles punkt, som eg ser for meg må vere ei planterot. Eg oppfattar dette som avkappa plantestilkar frå ein vass- eller våtmarksplante med kanta (5-6 kanta) og hole stenglar. Min første tanke er at det eventuelt kan vere noko frå snelleslekta, men er litt usikker på desse har/ kan ha mange stenglar som veks frå eit felles punkt på rota. Kanskje Birna kan ha nokon tankar om kva dette kan vere? @nfoto
Eg har vore innom tanken om at dette kunne vere noko i retning nedtrakka planterest. På vestre side i biletet er det moglegvis ein stilk.

Myrklegg er jo ei slekt som då må sjekkast opp meir. Sivblom er jo ein raring. Truleg ganske spinnville forslag, men nokon som likar slikt kan jo kanskje ha noko artig å sysselsetje seg med.
Sivblom er ikkje registrert for kommunen, og har vel heller ikkje sekskanta stilk. Myrklegg finst i området, både vanlig, bleikmyrklegg og kongsspir, men desse kjem vel ikkje slik mange stilkar frå ei rot. Og verken dei eller noko anna plante eg kjenner har ei slik konsekvent sekskanta form på stilken.
Og hadde planta vore nedtrakka, skulle ein sett rester i nærheten. Er det ein planterest, er den avskore og øvre del fjerna. Og så har den fått stå og rotne litt etter det. Men i såfall er det framleis eit mysterium kva slags plante det kan ha vore. Og det ser ut som dette mysteriet ikkje blir oppklart, etter som det ikkje er tatt beslag i materialet og det ikkje er mogleg å finne igjen slik det var.
Som ArnorG er inne på, det er nok en snelle og siden elvesnelle og åkersnelle er vanlige på slike steder så er det vel mest naturlig å tenke på strandsnelle Equisetum x litorale, altså hybrid av de to nevnte foreldreartene E. arvense x fluviatile.