Vrifuru?


Er dette vrifuru?





Replies

Første sjekk når det gjeld furu av litt storleik er om øvre del av stammen er raudleg eller grå. Dei vanlege importerte furuartane med to nåler i bunten er ikkje raudleg mot toppen, men derimot grå. Norsk furu er raudleg i borken øvst, sjølv på ganske unge tre.

Furua på biletet er tydeleg raudleg.

Når vrifuru får litt alder, vil borken nede likne mykje på borken på vanleg gran. Ganske same gråfarge og ikkje noko grov bork. Du vil når du ser ei slik vrifuru tenkje at denne grana var ikkje heilt normal. Så ser du doble furunåler og har oppklart det heile. Borken på bilete nr. 2 er alt for grov til å vere vrifuru.

Eg trur aldri eg har klart å bestemme vrifuru på grunnlag av nålene. Konglene derimot har ein lang pigg på kvart skjel som er nyttig å sjå litt nærare på. Når konglene blir gamle vil piggen slitast bort, så det er yngre kongler som er best å sjå på.


Takk for svar!
Prøv å lete etter nedfalne greiner, og se om du finner hunnkongler. De sitter ekstremt fast på kvisten, og de forblir spisse (lukka) - mens de åpner seg tredje året hos vanlig furu. Pluss det Øystein svarer om at kongleskjellene har en markert spiss.