Search in Topic
Replies
Aktive deltaker
3279
Denne ser ut til å ha fem nåler i knippe. Vår heimlege furu Pinus sylvestris har berre to. Så dette er heilt klart ein art som ikkje har sitt opphav i vår naturlege flora. Vågar meg ikkje på å ha noko meining om eksakt art. @Øystein F kan kanskje noko meir kvalifiserte vurderingar omkring denne?
ArnorG
Nybegynner
2
Aktive deltaker
3540
Eg er ganske sikker på at det er 5 nåler i bunten. Då har vi 4 innførte artar som er meir sannsynleg enn noko anna.
Silkefuru, weymouthfuru, sembrafuru og sibirsk sembrafuru. Dei to førstnemnte held seg vel oftast i hagen. Sembrafuru og sibirsk sembrafuru blir ofte ikkje skilde, og båe har frø som sibirnøttekråka likar veldig godt. Når fuglen i enkelte år førekjem i stort tal hos oss, kjenner dei igjen eit tre heimanfrå, forsyner seg med frø som dei gøymer i skogen. Mange frø finn dei utruleg nok igjen, andre frø spirer til nye tre. Dermed kan ein finne dette treslaget fleire kilometer frå hagar. Eg bestemmer ikkje desse utan fleire karakterer, og då særleg konglene.

Email Member
Loading...
Send Private Message
Loading...
Send Topic
Loading...