Vepsebie


Hei!
Oppdaga fleire slike i hagen i gårkveld, i ferd med å flyga inn under ei torv i ein skråning. Det er vel ein type vepsebie, men eg har ikkje klart å finna ut kva for type.
Sidan desse er våre nye naboar lurar eg også på om dei stikk og om dei gjer skade på noko i hagen.
Mvh
Marit
Replies

Eg meiner det er storvepsebie. Den er parasitt på gullsandbie og storsandbie, så (minst) ein av desse artane har du nok også i nærleiken. Ho-biene har stikkebrodd, men er ikkje aggressive. La dei drive med sitt, og nyt at dei er der. Dei gjer ingen skade, tvert imot: dei polliner (men eg går ut frå at parasitt-biene pollinerer mindre enn andre bier, da dei ikkje samlar pollen til avkommet. Parasittens larver et både vertsartens larver og pollenet vertsarten har samla som 'niste' til eige avkom).
Det er fint om du oppgir tid og stad for observasjonar:)

Øystein
Takk for svar! 😊Disse vepsebiene ble observert i Lonevåg, Osterøy, Vestland. Første gang observert 19.05.24.
Marit