Askeskotsjuke.


Er det råd ut frå bildene å seia om skadene kjem frå askeskotsjuke. Er det slik at denne sjukdomen angrip heile treet? Skadene på borken som er vist på noke bilde, kan det vera askskotsjuke? Det er fleire fotte asketre her ved den gamle prestegarden i Austevoll. Det er leit om desse skulle bukke under. Eg forstår det eldre tre som har størst sjanse for å klare seg. NIBIO prøver no finne tre som viser motstandskraft mot askskotsjuke, og samle frø frå desse, etter det eg har lest.




-- Posted via biolog --
Replies

Askeskuddsjuke brer seg "utenfra og inn". Soppen fester seg på blad og bladstilker, og hvis den kommer seg forbi bladfestet før løvfelling, dreper det greinene innover. Angrepne trær kan sette nye "panikkskudd" rett fra stammen, og da ser du tette heksekoster av løv innenfor de døde greinene.

Sår i barken er en del av bildet.

Her på Osterøy hvor jeg bor, vil jeg anta at rundt 50% av trærne er angrepet, men det kan se ut som noen trær er naturlig motstandsyktige. Det står friske trær innimellom de angrepne.
Takk for svaret! Det var oppklarande. Eg forstår det slik at på gamle infiserte blad kan de vekse opp små begerforma sopplekamar på bladstilken. Skadegjeraren tilhøyrer sekksporesoppane slik eg forstår.
Såra i borken på bilete nr. 2 og 3 ser ut som mekaniske skadar.

Det eg ser på dei andre bileta klarar eg ikkje å tolke. Det er truleg enklast om du finn ut av kva du skal sjå etter, og så sjekke opp trea nærare.

Viss du søker på askeskuddbeger på artsobservasjoner, så finn du bilete av bork på infiserte tre og sopp på bladstilkar på bakken.

Elles kan det vere enklare å sjekke små tre. Rett og slett fordi du då kan stå på bakken og sjå på ting i ro og mak. Tørre kvister høgt oppe i eit tre er ofte ikkje så enkle å finne ut av. "Kostane" som kjem på frisk ved er litt enklare.