Koloni av knøttliten, kvit sopp


Etter å ha bladd i soppbøkene, har eg framleis ikkje funne noko som heilt liknar på denne. Han veks på mose og småkvist i lysning i granfelt, Sunnfjord, 31.august. Forslag?
Replies

Usikker om dette er sopp eller umoden slimsopp. Held ein knapp på det siste. Må vel i så tilfelle mikroskoperast når den er tilstrekkeleg moden for å kunne vere sikker på art.
Takk for svar. Eg har vore innom Trichia varia og liknande, men han har ein slags hatt som eg ikkje fekk til å stemme med dei slimsoppane eg har sett på. Reknar med det kan vere vanskeleg å bestemme til art, men om ein kunne snevre inn, ville det vere interessant å vite.
Er ganske sikker på at det dreier seg om en slimsopp, tenker den hører hjemme i Physarales.
Nå er den helt sikker moden, har du mulighet til å hente den, kan jeg se på den for deg.
Takkar so mykje for tilbodet. Eg var stad og såg, men fann han diverre ikkje att. Såg her var eit tips om Didymium clavus, kan vel ikkje setje noko sikkert namn, men det er kanskje i nærleiken der ein stad.
Det kan være D. clavus, men det er andre aktuelle arter også.