Korsfarersnutebille?


Denne vesle krabaten krabba over bordet mitt. Svart, liten, og med eit kvitt kryss over ryggen. Sjølv har eg lite greie på slikt, så eg prøvde Artsorakelet, men svaret var ikkje overbevisande. Er det nokon som klarar å artsbestemme den ut frå det dårlege biletet mitt?
Replies

@snerk Eg går ut frå at snutebilla er fotografert i Norge? Når eg legg bildet ditt i Artsorakelet får eg opp til 75% score mot Auleutes epilobii (varierer veldig etter kor mykje eg zoomar inn bildet). Når eg samanliknar med bilde lagt inn på artsobservasjonar synes desse samsvarar rimeleg bra med ditt bilde. Larvene lever på geiterams (eventuelt andre artar i mjøkefamilien). Elles søkte eg for moro skuld på Curculionidae + white Cross, og då fekk eg treff på Mogulones crucifer. Denne har jo også ein merke som liknar ein kvit kross, eller like gjerne eit krusifiks. Denne arten vart også observert fåtallig i Norge og larvene levde på hundtunge, men det er nær opptil 100 år sidan siste funn, og Artsdatabanken klassifiserer den som utdøydd i Norge. Eg har ikkje kunnskap nok til å sei om bildet ditt er godt nok til å gje ei sikker bestemming, men eg synes som sagt at det liknar rimeleg bra på Auleutes epilobii, og held ein knapp på at det er denne, utan at eg kjenner til om det kan vere aktuelle forvekslingsartar.(Mogulones crucifer ville jo vere tilnærma sensasjonelt.)
Ah!, tusen takk for hjelpa, @ArnorG! No har eg leita litt etter andre bilete og samanlikna med fleire som eg tok av denne billa og eg er einig med deg: det liknar på Auletes epilobii. Fotografiet er frå Oslo sentrum. Det hadde sjølvsagt vore endå meir moro å finne Mogulones crucifer, så eg får halde augene opne! smile