Search in Topic
Replies
Soppane formeirer seg vanlegvis i sitt haploide stadium. Det vil seie at det diploide stadiet berre er avgrensa til den befrukta zygota som gjeng i reduksjonsdeling med ein gong ho delar seg. Ein noko forvirrande eigenskap ved dei høgre soppane (sekksporesoppar og stilksporesoppar) er at det kjem inn ein fase vi kallar dikaryonfasen. Startar vi med to hyfer av ulik parringstype som smeltar i hop, så vil kjernene ikkje smelte saman, men liggje kvar for seg i same celle (det vil seia, same segment av hyfa). Dette kallar vi dikaryonfasen. Når dei kjønna stadia skal dannes, smeltar dei to kjernene saman - eit fenomen som kallas karyogami - til ei diploid zygote som deretter gjeng umiddelbart i reduksjonsdeling og dannar dei haploide kjernene som utviklar seg til sporar.
Berre nokre svært enkle algesoppar har ekte generasjonsveksling mellom ein haploid og ein diploid fase.
Berre nokre svært enkle algesoppar har ekte generasjonsveksling mellom ein haploid og ein diploid fase.
Email Member
Loading...
Send Private Message
Loading...
Send Topic
Loading...