Ulovlig hogst ved Ekebergrestauranten


Dette må da vel kunne anmeldes?

http://www.aftenposten.no/nyheter/oslo/article4071124.ece
Replies

Det er nok meir konstruktivt å arbeide med areal som ikkje er rasert. Mot folk som tar seg til rette er det jo ikkje all verda vi kan gjere, men mot planlagde utbyggingar er det jo større moglegheit for å nå fram. Det er betydlege rasering også på den måten.

Det er nok mange område som ikkje blir godt nok kartlagd og dermed blir vedtak gjort på for tynt grunnlag og biologiske verdiar går tapt utan at vi ein gong veit kva som forsvinn.

I mangel på dei virkeleg gode biologane kan vi amatørar også bidra. Ved å gå i området og registrere inn på www.artsobservasjoner.no kva vi finn gjer vi jobben lettare for dei proffe og dei som driv arealforvaltning.

Er det gjort funn av raudlisteartar i eit område så vil det jo vere viktig å kartlegge meir før ein gir eit eventuelt klarsignal. Sjølv om det ikkje er funne raudlisteartar så vil proffane kunne danne seg eit bilete av kva potensialet kan vere.

Viss nokon har vore i ein lauvskog og funne
- firblad
- breidflangre?
- stortveblad

så er dette sannsynlegvis ein heilt annan skog enn om det er funne
- gaukesyre
- maiblom
- gullris
- tepperot

Amatøren treng ikkje vite så veldig mykje anna enn kva desse plantene heitter, og til og med nokre med kryss for usikker bestemming kan vere til hjelp.

Når eg har laga nokre prikkar på observasjonskartet og det ikkje står noko om gubbeskjegg i skogen, så kan ein lese ut frå andre observasjonar eg har gjort at eg bruker å registrere gubbeskjegg når eg ser det. Miljøet er vel ikkje større enn at dei som driv med dette som fag har ei peiling på kva kvalitetar ein kan rekne med på materiale av ulike opphav. Sjølv med eit og anna feilskjær vil altså registereringar vere nyttig. Så ut i skogen og andre areal der de har høve. Fang koordinatar og skriv lister, ta bilete av det ein oppfattar som spesielt og få det inn på artsobservasjoner. Det sparer ikkje arealet ved Ekebergrestauranten, men det kan hjelpe på andre areal.

Dukker det opp nokre ungar som lurer på kva de gjer, så ta dei med og sei dei litt om kva de ser. Kan hende kjem dei på at dette er interessant og blir biologar ein gong i framtida. Det treng vi også.
Det er vel gjerne fleire saker som har med Ekeberg å gjere, men det er i alle fall ei sak som det går an å møte opp på om ein vil:

En liten melding fra Naturvernforbundet i Oslo og Akershus (NOA): Her kan DU gjøre en liten, men viktig innsats for Ekebergskogen. Saken om parkifisering og skulpturpark er i innspurten, og våre motkrefter prøver å presse et vedtak gjennom før sommeren, slik at saken ikke skal bli tema i valgkampen. Så derfor: MØT OPP til vårens vakreste demonstrasjon:


Vårens vakreste demonstrasjon ! Sett av dagen lørdag 14 mai ! Bli med å demonstrere for bevaring av Ekebergskogen kl. 12.00 på Ekeberg. Oppmøte ved EKT Rideskole. (like ved Ekeberghallen)


Mer informasjon i NOAs ark i neste uke og på www.noa.no

Det man burde gjøre etter at parken er etablert, er å starte en geriljaaksjon som systematisk setter ut plakater av halvnakne Christian Ringnes'er i skogen.
Det kommer, men jeg kan ikke være så sint som nå.
Kokkelimonke er de flinke til i Oslo.
Ekebergrestauranten krever tre-rabatt
Ekebergrestauranten AS fikk en bot på over 500.000 kroner etter å ha hugget trær ulovlig. Men så mye vil ikke selskapet betale.
Les stykke her:
http://oslopuls.aftenposten.no/byliv/article613056.ece

Prisen for et tre:
•25 av de 35 trærne som ble felt i april 2010 er verdivurdert av selskapet ISS Landscaping. De ti siste trærne var ni unge ask og en alm som var tilnærmet død.
•Alm, ask, lønn, furu og bjørk ble offer for motorsagen.
•De tre dyreste trærne, ifølge ISS Landscaping:
•Furu, 57 år, taksert til 65731 kr.
•Ask, 67 år, taksert til 63318 kr.
•Ask, 72 år, taksert til 58054 kr

Iza
Screw the Roses, Send Me the Thorns
Men hvordan kan driverne av Ekebergrestauranten få bot når de ikke er anmeldt? Eller ble de anmeldt likevel?

Men det er bra at hendelsen ikke går helt upåaktet hen, i alle fall.
Det er vel eit erstatningskrav frå Oslo kommune vi no har sett. Så får vi sjå om partane blir samde om noko, eller om Oslo kommune går til sivilt søksmål for å få pengane sine.

Det kan vere like bra alternativ som å melde nokon for miljøkriminalitet. Ei rekning på ein halv million blir nok lagt meir merke til enn eit forelegg på 50 000 og 14 dagar i kakebua.

Elles er det vel 3 tilnærmingar minst med omsyn til rett erstatning for tre i slike høve.

1. Kor mykje kostar det å plante tre kjøpt i butikken av same slag som dei som er borte?

2. Kor mykje kostar det å ale opp tre i den tida det tar før dei er like store som dei som forsvann?

3. Kor mykje kostar det å kjøpe tre som er tilnærma like store som dei som forsvann, og få dei etablert.

Det er vel alternativ 1 som tømmerhoggaren håper på. Det danske firmaet ser ut til å ha vurdert dette etter alternativ 2. Tømmerhoggaren skal vere glad for at ikkje kravet er utarbeidd etter alternativ 3.