Hemlokk - og itteno anna


Vestamerikansk hemlokk er det sjølvsagt nokre skogbrukarar som har hatt trua på. Nokre tiår etter planting kan ein no sjå resultat rundt om. Etter det eg har sett kan ein ikkje rekne stokken som nokon stor suksess. Det einaste denne skogen ser ut til å vere eigna til er å fjerne alt grønt - borte blir det:
Biletet blei litt mørkt, men lyset var skruva av, så det er berre slik det er.

Dei har hogd ein del av teigen for mellom fem og ti år sidan, i håp om å bli kvitt hemlokken. Slik ser det ut no: Nokre stader på hogstflata er det litt variasjon, med småplanter av edelgran frå nabofeltet, så det er ikkje berre hemlokk.

Spreier seg utanfor plantefeltet gjer hemlokken også. Eg finn ikkje så mykje av han i røsslyngområde, men elles er han viljug. Røsslyngen har vel ei form for spiregift, så det er vel gjerne det som hjelper. Sist vinter tørka store område med røsslyng, så det kan hende det skjer noko om eit par år.

Langdistansespreiinga er alt eit faktum. Frøa reiser over haugen og spirer der det er rota i jorda, t.d. langs ein opparbeidd gangsti, 200 meter frå opphavet. Her er registreringar frå Artskart:


Med skog på kartet i staden kan ein sjå hemlokkfeltet markert med gult. På nordsida eit område med blått der eg i dag fann ein god del spreiing.



Vi får håpe dei som planta er her framleis og kan luke vekk dette. Dei får noko å gjere på.

På Artskart ligg det 77 observasjonar av vestamerikansk hemlokk. Det er viktig å registrere rømlingar, slik at omfanget kjem til syne i all si gru.
Replies

Gratulerer Øystein! Du har blitt årets vinner av årets svartelistekonkurranse. bigsmile wink

mvh Alf Marius
Her kjem Artskart oppdatert med funn frå 6.12.


Rett på nordsida av plantefelta med vestamerikansk hemlokk og anna bartre har det anten vore beiteprega naturtype tidlegare, eller det har blitt såpass med skuggeverknad at røsslyngen har tapt seg klart, eller kan hende ein kombinasjon av båe delar.