Osp på raudlista?


Artsdatabanken har lagt ut eit forslag til ny raudliste i dag. Der kan dei som vil gå inn på ymse artslister for å finne ut kva som er trendane: http://www2.artsdatabanken.no/Rodliste2015Tilbakemelding/Sok

Ask og alm er båe foreslått opp ein grad til VU sårbar. Ikkje veldig overraskande for dei som følgjer med. Meir overraskande for nokre er kan hende at osp er ført opp med NT. At lirype og fjellrype kjem ut med NT blei lekka i forrige veke. Krykkje endrer seg frå VU til EN, gauken blir NT.

Elles kan ein merke seg at det går an å kome med innspel til komiteane som har arbeidd med vurderingane. Så kjem det ei endeleg raudliste for denne femårsperioden om ikkje så lenge.