Skog og hjortedyr


Eg utfordrar av og til skogeigarar til å plante furu og ikkje gran. Så får eg høyre at dei må plante gran, for elgen et opp furua. Er det slik?

Eg var oppi ei li i går. Der var det på oppsida av skogsvegen eit felt med 20 år gamal furu. Det såg ut til å stå ganske fint. På nedsida av vegen var det også hogd furu, og der var det planta gran. Eg trur denne plantinga var noko nyare, mellom 10 og 15 år gamal.

Det er ingen tvil om at det er eit problem med å få opp ny skog på nedsida av skogsvegen. Men går det betre med gran? Ein av dei beste granene var den eg tok bilete av. Det var tilsvarande på hassel, rogn såg eg knapt, og eineren, ja den har fått ein runde hos gartnarane på fire bein:

Her er det ikkje umogleg å få opp furu som følgje av elg, men umogleg å få opp skog i det heile fordi ein har satsa på å ha mange hjortedyr, aller mest hjort, å jakte på. Det var gjerne eit unnatak, men gråor er gjerne ikkje det skogbruket har tenkt å satse på.

Det er sjeldan eg har sett dette så tydeleg som her, men eg ser tendensane stort sett over alt der hjortedyra går også om vinteren.
Replies

Når hjortedyra gir seg på bartrær, så er det etter min mening et tydelig tegn på at bestanden er for stor.

Etter at det ble slutt på å sende krøttera til skogs, er elg og hjort blitt våre nye "husdyr". Å påstå at de er for mange, er som å banne i kirkaevil

AA