Sign In  Register

 

Hornsmed


Jan Magnus Bruheim frå Skjåk skreiv i 1958 ei barnebok kalla "Hornsmeden og andre barnerim", og der har han eit dikt kalla "Hornsmeden". Det er illustrert av Reidar Johan Berle, og illustrasjonen viser ei stilisert bille. Eg har ikkje greidd å finna folk som kan forklara korleis denne billa faktisk ser ut, og ordet er ukjent med denne tydinga i oppslagsverk og ordbøker for norsk, svensk og dansk. Informantar frå Gudbrandsdalen verkar likevel å ha høyrt ordet. Er det nokon som har meir informasjon om kva art som skjuler seg bak denne nemninga?
Replies

Jeg vet ikke, men i Finland heter sagsmeller - Orithales serraticornis hornsmed(sarviseppä). smile
Harri
Jeg vet heller ikke, men kunne neshornbille være en mulighet?
https://no.wikipedia.org/wiki/Neshornbille

Skjåk er vel likevel for langt nord i Gudbrandsdalen til at neshornbille skulle forekomme der. Dermed svekkes denne muligheten...

gunder
Last edited by pentafot 14 Feb 2018 12:58
Nashornbille er nok utelukka. Det går tydeleg fram av diktet til Bruheim at her er horn=følehorn. Eg trur nok heller at Harri er inne på noko. Iflg. Norsk Ordbok blir etterleddet -smed helst brukt om smellarar, då vel helst i den utvida folkelege tydinga 'insekt som lagar klikkelydar', jfr. veggesmed.

I si tid laga Lita Greve ved UiB ei liste over folkelege namn på norske insekt. På slutten av 90-talet sende ho meg deler av denne lista, sidan eg på den tida også jobba litt med tradisjonsstoff kring insekta. Eg har klart å leita fram dette brevet, men uheldigvis går mitt utdrag berre frå A-D. Men kanskje er dette ei kjelde som kan kontaktast.

Terje