Kvit halvkuleforma sopp...


...som vart til brunt pulver.
Vaks på levande hegg ved Trondheimsfjorden, Stadsbygd.

Bildene er tatt på ulike tidspunkt.

Såg den første gang den 07.05.2018 om kvelden. Eg sette ein finger i den – den var heilt blaut. Du kan sjå merket etter fingeren min og dette merket har fått ein annan farge ettersom soppen har vorte eldre dei neste dagane.




Neste bilde er frå kvelden etter - 08.05.2018



Neste bilde er frå kvelden den 10.05.2018. Då eg tok på den denne dagen, var den tørr og hadde fått ei «skorpe».



Om kvelden den 12.05.2018 var det berre brunt pulver igjen av den.


(Samla i dag den 14. inn litt av pulveret i tilfelle)

Nokon som kan seie noko om kva sopp dette er?

mvh Ann Kari
Replies

Det var en artig bildeserie.
Men dette er ikke en sopp. Det er et soppdyr (Mycetozoa), slimsopp i dagligtale. Er ganske sikker på at det er sotegg Reticularia lycoperdon, vi får se om noen protesterer.


Per V.
Det ser ut som sotegg, ja.
Takk for hjelpa!
Den er no lagt inn på artsobs med lenke her til.
Må innrømme at den vaks på ei gamal, levande older og ikkje hegg - heggene var naboer.