Søk


Eg vil finne ut om det er sagt noko lurt om reinfannbille. Eg logger inn og finn ein søkrubrikk ved sidan av brukarnamnet. Legg inn tema og venter. Og lurer på kva som skjer. Etter å ha sett på noko anna, så kjem det opp ei liste på ganske mange postar. Kva for ein post seier noko om moglege forvekslingsartar? Eg må gjette, men fann ikkje noko. Korleis finn eg tilbake til lista for å sjekke neste post. Bakoverpil gjorde susen tidlegare, no svosjer ein ut i det store intet. Klammepila fører i dette tilfelle til eit spørsmål om meitemark, og har ikkje noko med temaet å gjere. Lista er borte, og nytt spørsmål hamnar i noko engelskgreie om eg vil søke i denne meitemarken. Det vil eg jo ikkje, men kva skal eg gjere for ikkje å søke i denne meitemarken då?

Av og til har eg sett ein annan søksfunksjon. Eg ser ikkje kvar denne er no.

Eg er redd terskelen blei for høg til at eg kjem til å søke opp tema etter omlegginga. Då må eg i staden legge inn nytt spørsmål som eg oftast vil få ja eller nei på, og går glipp av litt meir utgreiingar om saker og ting.


Eg trur eigentleg eg har spurd om dette før, og fekk svar, men eg husker ikkje svaret og eg finn det ikkje igjen ....
Replies

Hei. Det har vært noen spørsmål om søkefunksjonen. VI har akkurat samme søkemuligheter som tidligere. Du finner søkeskjemaet i menyen Forum OG du må være innlogget

Vi skal gjøre noen endringer slik at dette er lettere å finne. Skal gi mer utfyllende svar, men dette nå.
Når eg legg inn reinfannbille i feltet no i dag og trykker på søksymbolet til høgre, så får eg dette:


Det står nokre ord der på utanlandsk, men eg veit ikkje om dei seier at eg skal gjere noko.

Viss søksfunksjonen er som før, så må det vel vere eg som ikkje er som før. Noko er det i alle fall som gjer at søk stort sett feiler, og dei gongene eg får opp ei liste, så må eg treffe rette posten første gongen, elles må eg begynne heilt på nytt igjen.

Slike nettstader blir laga intuitive, etter det eg er blitt forklart. Det er ikkje berre lett for slike som meg som fekk spesifikasjonane fastsett i hullkortalderen.

Desse to felta Legg ved fil og last opp bilde har instruksjonar som eg berre halvveges forstår. Eg har lese det mange gonger. Eg har trykka på dei i håp om at det skal skje noko, og nokre gonger har det blitt som eg håpa. Men dei er også døme på at ein kan forstå alle orda, men ikkje skjøne kva det tyder for noko. Det blir som det blir, og er ein heldig, så kan det nyttast til noko.

Men med søksfunksjonen har eg vore uheldig såpass mange gonger no etter omlegginga, at eg har missa trua på at eg kan få nytta meg av det noko meir. Inntil vidare får eg spørje om ting som er svara på før, i håp om at nokre er tålmodige og vil forklare ein gong til.

Du må som sagt gå i i menyen som heter forum og velge søk derfra.



Det lille søkefeltet er avhengig av hvor du står. Står du i et emne så søker du bare i det emnet. Står du i "Spør om planter" , så søker du bare der. Jeg ser at det er forvirrende og vi har allerede bestemt at det skal gjøres om på. Det andre som er forvirrende er at i det store søkeskjemaet vil du ikke kunne søke i alle fora når du ikke er innlogget. Det skal også gjøres om på. Antakelig blir søking bare tilgjengelig når man er innlogget.
Søkefunksjonen er uansett treig. Jeg får ofte timeout. Håper å få gjort noe med det også.

Felt for last opp fil og bilde. Det med last opp fil trenger vi egentlig ikke. Jeg har på lista mi teksten skal endres på begge.

Takk for gode innspill!! smilethumbsUp
Håper virkelig du holder ut litt til.

Inntil videre er det mulig å søke i det gamle forumet
http://www.biologforeningen.org/enbiolog/default.asp
Aha. "Søk i forum" er den ruta der ein vel kva for ein del av Spør en biolog ein skal søke i. Det skal eg prøve å huske. Eg tenkjer at det i eit slikt felt bør stå "velg forum" eller noko slikt, viss det er det ein skal gjere.

Då har eg vel vore bortpå den andre søkknappen når eg fekk opp ei resultatliste. Når det er to knappar for det same, tilsynelatande, så må eg bomme nokre gonger før eg husker slike forskjellar. Det som er logisk på ein eller annan måte, det får eg til å huske, men oppdagar eg ikkje logikken, då må det indoktrinerast i staden. Eg er skikkeleg opplært mot indoktrinering, så det har eg tungt for. Då slår immunforsvaret til med alle piggane på plass, anten eg vil eller ikkje, og det eg nettopp har funne ut er borte igjen så snart eg har blunka. Det vil utvilsamt hjelpe viss det berre er ein knapp som ser ut som søkknapp.