Brannbegersopp?


I bålrester idag, Stavanger den 31.05. Det vart rydda ein del kratt og skog her hausten 2018, og det ser ut som at arbeidarane har laga seg eit større bål. Eg tenkjer peziza og sidan dei stod i bålrester, er det nærliggjande at det kan vera brun brannbegersopp. Den største har diameter på 3 cm. Den sporulerte kraftig då eg skar den laus frå jorda. Er det nokon som har synspunkt på denne?