Trevlesopp?


Under bøketre i Vålandsskogen i Stavanger idag. 1 stk einsleg sopp. Hattdiameter 2 cm, stilklengde 3 cm. Hattoverflata er brun og radiært rifla. Stilken har kvit utvida basis. Svak lukt, men likevel ei lukt som eg ikkje klarer å sette namn på, kanskje noko kjemisk? Er det råd ut ifrå bilete å komme nærmare ein art?
Replies

Flyttet til Spør om sopp
Inocybe assimilata.
Takk for svar. Det treng tydeligvis ikkje vera lyng til stades for å finne denne. ( når det er sagt, veit eg egentleg ikkje kvifor den har fått det norske namnet lyngtrevlesopp heller.]
Er mange "rare" norske navn. Vokser sikkert der det er lyng også, men jeg ar aldri funnet den der. En svært vanlig art. Bestemmes lett fra stilk uten cystider og hvit basisknoll.