Trevlesopp?


Innafor sanddynene langs Jærkysten, Sola kommune idag den 12/7 - 2019. Det var fleire lokaliteter innafor ein avstand på ca 100m. Soppane varierte i storleik. Hattdiameter 2-6 cm. Hattfarge gulbrun og fintråda. Nokre av dei unge eksemplarene hadde ein mørkare hattfarge. Skivefarge lyse som unge, gråbrune som eldre. Stilkfarge ganske lys, mørkare grå nedover stilken. Kjøttfarge kvit. Ganske god lukt, men ubestemmelig for meg. Kanskje honningaktige slik som rynkeslørsopp. Så vidt som eg kunne registrere, vaks det ein liten vier der eg såg soppane. Ellers ingen tre eller buskar. Eg er i tvil om denne. Bileta er tatt frå 3 forskjellige lokaliteter. Er det nokon som har forslag?
Replies

Trolig Inocybe dunensis. Mikroskopi hadde avgjort.
Ja, det kan gi meining. Det liknar i alle fall med info og bilete eg finn på nett, og krypvier er vel vier arten der soppen vaks. Eg tek vare på belegg.