Springfloge-copromyzaart?


Fann denne 4 mm store floga i godt moden skivesopp på Stord 13.september.
Er det ein Copromyza-art?


Bjarte Aadland
Replies

Desse bilda avslørte litt for få detaljar til å komme med ein sikker konklusjon. Men med såpass gule antenner og bein ville mitt tips helle mot ein Borborillus-art.

Terje
Takk for det,er det nokre detaljar som kunne gitt ein sikker konklusjon,dyret ligg no her...


Bjarte
Her er kva du kan sjå etter for å komme fram til rett slekt:
Fleire rader med børster bak augene: Crumomyia.
Berre ei rad med børster bak augene: Copromyza eller Borborillus.
Dersom det siste er tilfelle:
Børster + mange hår langs bakkanten av scutellum: Copromyza.
Børster + minimale hår langs bakkanten: Borborillus.

Terje
Veit ikkje om dette fører nærare målet..


Bjarte
I alle fall tydeleg at denne har fleire rader med børster bak augene. Då må dette vere ein Crumomyia-art. Nærmare trur eg ikkje at eg vågar meg.

Terje
Takk for det!

Bjarte