Lecanora swartzii?

Snitz Forums MVC
https://www.sporenbiolog.no/Topic/Posts/144077?pagenum=1
31 May 2023 04:42

Topic


HåLauk
Lecanora swartzii?
09 May 2022 19:26


Denne laven veks på stein under sørvend hellar(500 moh.) i Sunnfjord, i overheng(noko som ser ut til å gå att i bilettekstar til bilete av Lecanora swartzii), men der var endå betre utvikla eksemplar "rettvendt" på stein like under. Eg får det til å stemme med Lecanora swartzii etter bilete. Den ser ut til å ha næraste funn i Lærdal og Samnanger, men er lite registrert. Dei sørvende hellarane her om kring ser elles ut til å ha nokre artar felles med langt turrare område lenger aust, so det kan kanskje stemme, eller er det andre artar eg burde sjå på?

 

Replies ...


HåLauk
16 May 2022 19:10


Etter tips frå Jon T. Klepsland, gjekk eg til lokaliteten på nytt og testa reaksjon med klor. Både apothecium og thallus reagerte guloransje, og då stemmer det med Lecanora swartzii.
Tove
31 May 2022 14:03


Er det sikkert at ingen andre Lecanora-arter har samme reaksjonen?
HåLauk
04 Jun 2022 16:46


Det er det sikkert, men ut frå kjenneteikna(spesielt dei pruinøse apothecia) og økologien, er det slik eg forstod det to alternativ: L. swartzii og L. rupicola. I sistnemnde reagerer berre apothecieskivene med klor.
© 2000-{0} BIO