@Limnoan @anbe
Husk at sønnene bare arver halve genbasen fra sin mor. Resten har far skylda for...Opprinnelig postet av Limnoan
Sidan den aktuelle eigenskapen ligg på X -kromosomet vil fedrene til sønene til tvillingsøstrene ikkje kunne ha nokon innverknad på denne. For at sønene skal bli menn må dei ha eit y-kromosom, som må komme frå faren. X -kromosomet i kjønnskromosomparet til sønene må då nødvendigvis komme frå mødrene (tvillingsøstrene).
Tvillingsøstrene har to X-kromosom i kjønnskromosomparet. Det eine X-kromosomet kan ha gen som gjev tidleg hårtap, medan tilsvarande gen i det andre X-kromosomet gjev god hårvekst ut i alderdomen (Forskjellene vil vere identisk mellom tvillingsøstrene) . Søstrene vil då vere heterozygote for eigenskapane hårtap/vedvarande hårvekst.
Begge søstrene skulle då ha mogelegheit til både få søner som vert skalla eller har vedvarande hårvekst. Eg forstår det slik at i dette tenkte tilfellet berre skal forhalde oss til det nemnde genet på X-kromosomet som avgjerande. Eg klarer då ikkje sjå noko ut frå dei gjevne forutsetningane som tilseier at den eine tvillingsøstera berre kan få skalla søner, medan den andre berre får søner som ikkje vert skalla. Sjansen skulle vel då vere 50/50 sånn i utgangspunktet, men med så lite utvaalg vil tilfeldigheitene spele ei stor rolle.