Retning på drøvtygging

Snitz Forums MVC
https://www.sporenbiolog.no/Topic/Posts/147828?pagenum=1
22 Jun 2024 18:02

Topic


prikkprikkprikk
Retning på drøvtygging
27 May 2023 08:22


Hei! Eg er oppvaksen på gard med sauer, men det var for førti år sidan. No bur eg på Austlandet, og ser ikkje sauer så ofte lenger.

Men for litt sidan var vi på NMBU i Ås for å kike på dyr. Då eg såg ein jortande sau med den karakteristiske roterande underkjeverørsla, begynte eg å fundere på:

Tygg ein sau alltid i same retning, eller kan dei skifte mellom å bevege kjeven frå høgre mot venstre og å bevege kjeven frå venstre mot høgre?

Og viss dei alltid tygg i same retning: Tygg alle sauer i same retning, eller finnast det høgre- og venstretyggande sauer akkurat som det finnast høgre- og venstrehendte menneske? Kva for ei retning er i så fall mest vanleg?

 

Replies ...


© 2000-{0} BIO