



Takk for bestemming av mosane rundt. Nei, eg kan ikkje sjå at det kan vere noko avkappa urt. Kva urt har eit slikt mønster på stilken? Konsekvent sekskanta og med konsekvente mønster i grønt og gult?
Eg har dessverre ikkje tatt med noko, og heller ikkje prøvd å kjenne på strukturen. Eg tok bare dei to bilda av noko eg syntes var rart, og har byrja først etterpå å gruble når eg fann bilda igjen. Dei er tatt i 2010 og det er tvilsamt om ein kan finne igjen plassen og om det veks der no.
Eg legg ved dei to einaste bilda eg har tatt av fenomenet, eller kva ein no skal kalle det. Eg legg ved også to av bilda eg tok like før eg tok desse, som viser litt av veksemiljøet. Det er i myrområdet Guohcajeaggi i Guovdageaidnu, som er foreslått som naturreservat. Der veks ingen større urter på denne plassen i myra og eg kan ikkje førestille meg at det skulle vere eit kalkrikt område.
Du spør kor høgt dei stikk opp, eg kan tenke meg ca. 3 cm. Størrelsen ser ein elles ut frå graset som er rundt. Det er 10 slike sekskantar som står opp og eit par som knapt kjem opp av gjørma. I tillegg er det eit merkelig sekskantmønster på hola i gjørma, som om dette er ein del av noko større. For meg er det meir og meir uforståelig.