Raude gåsungar på Salix.
Nå er gåsungane på veg her, bilete tatt idag av vier? som står langs kanten av Mosvatnet i Stavanger.
Har aldri tenkt spesielt på det før, men kva er det som er årsaken til at desse gåsungane har denne raudfargen?
Meiner å ha lært at planter i Salix i hovudsak er særbu. Etter å ha leita på nettet idag, finn eg at arr og griffel, i alle fall på nokre arter er raudfarga. Er svaret på desse raude gåsungane då at bileta er frå eit ho- tre? Og er det artsskilnader når det gjeld denne karakteren?
Fine er desse gåsungane i all fall😀.
