Fargen kan variere mykje hos begge artar så det er ikkje noko sikert kjenneteikn. C. fuscispinus skal ha meir markerte og spisse "skuldre" enn C. purpureipennis, og mørk markering på skuderspissane er mykje tydlegare markert hos fuscispinus. Så ut frå dette meiner eg at bileta dine viser Carpocoris purpureipennis. I tillegg er det ein vesentleg detalj at Carpocoris fuscispinus ikkje er sikkert dokomentert frå Norge.