Liten brun på tømmerlunne.

Snitz Forums MVC
https://www.sporenbiolog.no/Topic/Posts/69289?pagenum=1
15 Aug 2018 17:39

Topic


bjeid
Liten brun på tømmerlunne.
10 Aug 2018 08:56


Det har regna ein del i Rogaland i det siste, men det tek tid å fukte opp den tørre jorda - 30 mm hjelper lite og fukter berre opp det øverste laget. I mangel på arter som eg synes er mest interessante, prøver eg meg på dei mindre artene som ofte er knytt til ved og vedrester som ligg på bakken. Denne frå Valle i Setesdalen den 5/8 på ein plass det er lagra tømmer/ved. Ofte tenkjer eg pinnehatt på slike. Denne har lyse skiver medan pinnehatt vel har meir brunlege skiver. Hatten var våt, og eg ser at bilete av hattoverflata har blitt lite fokusert. Dei er ikkje lette alle desse små før ein har fått oversikt over dei. Er det nokon som ser kva dette er?

 

Replies ...


kremle
10 Aug 2018 10:43


En av våre flathatter. Per M.
bjeid
10 Aug 2018 11:50


Ja, det kan stemme. Kanskje mest sannsynleg bleik flathatt. Takk for svar.
© 2000-{0} BIO